Agnes er ei kvinne på 32 som vert dumpa av kjærasten, og som på grunn av dette er noko nedstemt i byrjinga av boka. Ho fantaserer om si eiga gravferd, og om ex-en, som skal ta kontakt og ville ha henne attende. Utover i romanen får ein vite gjennom tilbakeblikk korleis forholdet mellom henne og ex-en har vore, og ein fyl Agnes gjennom sorgprosessen.
Handlinga er ikkje akkurat uføreseieleg, og den hadde høvd godt som plottet i ein "feelgood-film". Det som gjer denne boka så god, er skrivemåten til Linde. Ho skriv om alvorlege tema på ein lett og nesten lystig måte, og eg trur det er umogleg ikkje å kjenne seg att i Agnes og å ende opp med å heie på henne.
Har sett denne boka ein eller annan stad, men må innrømme at tittelen ikkje hadde apell !
SvarSlettappell- blir lett feil når eg skriv på iPad.
SvarSlettAgnes er så deppa at ho hentar senga inn i stova for å ligge framfor TV-en...
SvarSlettDenne boken kunne jeg tenkt meg å lest som lett underholdning.Har den første boken til forfatteren,men ikke fått sjanse til å lest den ennå.
SvarSlettBegge kan anbefalast!
Slett