mandag 8. oktober 2012

Jippi - det er haustferie!

Eg starta dagen med ein lang tur i pøsande regn. Det er litt lettare å setje seg til med rettingsarbeid når ein har gått i eit par timar først.

No er eg snart midtvegs i bunken, og det er eg svært nøgd over. Det er hardt arbeid, men mykje meir givande når ein har god tid og det er stille i huset. Det er godt rettevêr med regn i lavlandet og nysnø i fjella, så eg fyrer i omnen og tek husarbeid i pausane for å halde kroppstemperaturen oppe.

Mange i kollegiet reiser på tur, og planen min var eigentleg å reise langt vekk. Undervegs ombestemte eg meg, og no kan eg angre. Eigentleg er eg ikkje så reise- og vêrsjuk som eg burde ha vore med tanke på sommarferien, og eg slappar absolutt best av heime. Rettinga skal eg få unna innan helga, og i morgon skal eg feriere på skikkeleg vis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar