Kolerud skriv bøker på nynorsk for born og ungdom. I dag og i morgon snakkar han til elevar på skulen eg er tilsett ved, og i dag hadde eg med ei klasse for å høyre han lese frå bøkene sine og snakke om livet som forfattar. I morgon kveld skal han lese og snakke på Aasentunet, og då er det høve for alle interesserte å høyre på. Eg har ikkje lese noko av forfattaren tidlegare, men eg likte det eg høyrde i dag så godt at eg har tenkt å plukke opp nokre av bøkene hans etter kvart.
Les meir her
Eg meiner å ha høyrt han i Aasentunet ein gong, og då var det veldig morsomt.
SvarSlettEg har lese ei av bøkene hans. Kan godt tenke meg at han er artig live.
SvarSlettEg er midt i den første Uføre-boka ("Når ein først skal skyte nokon"), den er veldig artig!
SvarSlettEva
Eg vurderer å vente til trilogien er ferdig. Uansett har eg ein enorm bunke med bøker som skal lesast i næraste framtid. Det er så mange gode bøker, og eg får stadig gode tips til ting eg bør lese. Håper eg lever til eg blir hundre og beheld synet og/eller hørselen!
SvarSlettOg eg var på biblio i dag og lånte tre bøker som eg har rippa. Tenkte eg skulle la dei ligge til du har vore innom.
SvarSlettJa, eg har ein enorm bunke papirbøker, men utvalet når det gjeld gode lydbøker er ei heilt anna sak.
SvarSlett