fredag 5. oktober 2012

Bok 65 2012: "Mordet på Anonym" av Anonym

Viss ein skal gi denne boka ein sjanger-merkelapp, må det vere "krimkomedie". Eg er ikkje sikker på at den fungerer verken som kriminalroman eller komedie for meg, men det er ein lettlesen og til dels morosam roman som kastar sleivspark til både forfattarar, politikarar og media.


Mordet på den anonyme forfattaren finn stad om bord i ein flytande litteraturfestival der anonymitet som tema står heilt sentralt. Sentrale er òg kjende namn som Aslak Sira Myhre, Bjarne Håkon Hansen og Anne Holt, mellom mange andre. Her blir det harselert og herma i aust og vest, og noko av det mest morosame syntest eg var dei stadig oppdaterte "overskriftene" frå VG, Dagbladet og Nettavisen.

Eg er ikkje heilt sikker på kva forfattaren vil fram til med denne boka, anna enn å harselere, og eg synest sjølve historia blir tynn og uinteressant. Det er likevel underhaldande å lese dei ulike parodiane av kjende menneske som vert tekne på kornet. Knausgård snakkar til dømes med pompøst språk i eit langt avsnitt om korleis han tok seg ein røyk ute på båtdekket.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar