torsdag 4. oktober 2012

Polenkveld på Folkestad skule

Årets Polenkveld vart arrangert på tradisjonelt vis. Alle elevane i 10. klasse hadde vore med på turen med Aktive Fredsreiser,  og alle hadde fått eit fagleg oppdrag før dei reiste som dei i kveld heldt presentasjonar om. Alt gjekk knirkefritt, og det var godt å høyre på dei trygge og flinke elevane som snakka om så sterke emne.

Storegut snakka om Stasifengselet, og det fekk han godt til. Han hadde arbeidd hardt med presentasjonen, og det verka som om han hadde øvd òg. Sceneskrekk har han i alle fall ikkje.


Etter presentasjonen fekk elevane ros og roser, og kontaktlæraren fekk òg ein flott bukett. 9. klassingane hadde matsal til inntekt for neste års Polentur, for dei har allereie hatt møte og bestemt at dei skal reise dei òg. Elevane på Folkestad er utruleg heldige som får høve til å reise på slike turar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar