lørdag 19. januar 2013

Bok 2 2013: "Udødelighetens elixir" av Gabi Gleichmann

Romanen handlar om jødane si historie, fortalt som ei slektshistorie frå 1100-talet og fram til vår tid. Forteljongane, eller snarare anekdotane, vert ikkje fortalde i kronologisk rekkjefølgje, men som noko eg-personen hugsar at grandonkelen har fortalt. Vi møter mange historiske personar, men mest sentralt står Spinozaslekta, der nokre vert fødde med enorme nasar og flaks men døyr ein brutal død, og der den eldste sonen skal bere vidare kunnskapen om korleis ein skal unngå å døy.

Det er ei lang bok (20 CD-plater), men det er relativt enkelt å følgje med i handlinga, mykje fordi forfattaren gjentek seg sjølv ein del. Eg likte boka medan eg las den, men er i ettertid usikker på kva prosjektet til forfattaren eigentleg har vore.

2 kommentarer:

  1. Som du veit, har eg også lese boka i inneverande år, og er ikkje usamd i noko av det du skriv. Vanligvis likar eg best bøker med strengare komposisjon. Men mange av anekdotane var gode.

    SvarSlett
  2. Ja, eg er verken udelt positiv eller negativ, eigentleg. Mykje god underhaldning.

    SvarSlett