lørdag 26. januar 2013

Bok 3 2013: "Inés, jeg elsker deg!" av Isabel Allende

Kolonialiseringa av Chile står sentralt i denne romanen, der handlinga er lagt til 1500-talet, og forma er eit slags brev frå ei døyande kvinne. Ikkje så originalt i og for seg, og slett ikkje uventa frå Allende, men likevel har denne forfattaren noko ekstra ved seg som mange andre bestseljande forfattarar manglar. Mest påfallande er dei sterke kvinneskikkelsane, som har sterke kjensler utan å bli sentimentale. Ei bokmelding eg las seier at det historiske stoffet ikkje glir godt nok inn i romanen, men det er eg ikkje einig i. Tvert imot synest eg Allende lukkast i å opplyse oss om Chiles historie gjennom spennande romanar, og denne føyer seg inn i rekkja.

2 kommentarer:

  1. Det er svært lenge sidan eg las boka, og minnet mitt er kort. Men Allende skuffar aldri. Ein får både eventyr, realisme, historie og romantikk. Og alt heng i hop.

    SvarSlett
  2. Nå er det en stund siden jeg leste denne boken, men husker at det var en fantastisk opplevelse. Som du sier har Allende noe ved seg som gjør en historie ekstra spesiell, og de sterke kvinnene er rett og slett vidunderlige å lese om :)

    SvarSlett