mandag 18. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 1

I dag hadde vi ein lang og sakte morgon før vi sette av garde til Nordfjordeid for å handle inn diverse til selskapet vi planlegg på onsdag. Litt anna shopping vart det òg høve til, og ungane fekk sjå det mora kallar "distriktets finaste blomsterbutikk".

Gamle-naboen vår ringde og spurte om ho kunne ta seg ein tur, og då nytta vi høvet til å smelle ihop ein sånn namnlaus dessert med marengs, krem, vaniljekrem og bær.

Vi fekk ei nydeleg innflyttingsgåve som vi skal bruke mykje medan vi tenkjer gode tankar om dei to åra vi budde i Nautvika.

3 kommentarer:

  1. " Distriktets finaste blomsterbutikk"....ja, eg veit kva for ein du meiner, og eg er enig!

    SvarSlett
  2. Det er den einaste butikken eg plar besøke når eg er på Eid. Anbefalt.

    SvarSlett
  3. Vi enda opp med ikkje å kjøpe noko der, men der var mykje fint å sjå!

    SvarSlett