fredag 11. april 2014

Bok 30 2014: "I en og samme person" av John Irving

Eg hadde ikkje lese noko om denne romanen før, så eg visste ikkje anna enn at eg plar like bøkene til Irving. Innhaldet vart derfor noko overraskande ei stund, men så skjøna eg prosjektet og vart begeistra. Romanen er ei forteljing om ein eg-person som ser tilbake på livet sitt som ungdom og etter kvart vaksen person med ei anna legning enn folk flest. Han fortel om eit amatørteater der bestefaren spelar Caliban i "The Tempest" iført kvinneklede, om ein kostskule med berre gutar som elevar, om ein fråverande far og ein bibliotekar som han forelskar seg i. Det heile verkar noko søkt, og eg trudde lenge at prosjektet med boka var å drøfte kva kjønn eigentleg er; om det er kropp eller identitet. Etter kvart utvidar historia til å handle mykje om AIDS-epidemien på 1980-talet.

Eg likte boka betre og betre, og vart nesten skuffa då eg var ferdig med siste CD. Dette ser eg som eit kvalitetsteikn, då det motsette ofte er tilfellet.

2 kommentarer:

  1. Trur det var denne eg las-og IKKJE likte. Eg har nok ikkje forstått den rett.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den var litt spesiell, men eg likte den altså.

      Slett