I denne boka møter vi eit par eldre nabokvinner som brått får melding om at husa deira skal rivast og dei må flytte derifrå. Snart bur dei på ein eldreheim, melder seg på datakurs og set inn ein kontaktannonse for å møte kvar sin kavaler.
Boka minner om dei to tidlegare bøkene eg har lese av forfattaren, men eg synest denne var betre komponert. Forteljinga kjem betre fram, sjølv om mykje av handlinga er direkte føreseieleg. Stemninga i boka er herleg avslappa og litt morbid, og ein blir glad i desse karakterane til Homqvist, ingen tvil om det.
Denne boka har eg unngått å låne i lang tid. Men kanskje eg må fire litt på prinsippa mine?
SvarSlettEg likte den altså betre enn dei hine, men den er i same sjanger
SvarSlett