lørdag 26. juli 2014

Bok 59 2014: "Ved elven" av John Hart

Adam Chase kjem attende til heimbyen etter å ha blitt frikjend for eit drap som ikkje er oppklart. Menneska i byen har ikkje frikjent han frå mistanken, og han har problem med å ta opp att kontakten. Ekstra vanskeleg er det at stemora hans vitna mot han i rettssaka, og at faren valde å tru på kona framfor sonen. Når nye brotsverk finn stad, er Adam lett å mistenkje. Han prøver sjølv å finne løysingar, og finn fleire løyndomar enn han hadde forventa.

Boka er til dels spennande, men eg syntest nokre av løyndomane og forklaringane var litt usannsynlege. Eg skal ikkje gå inn på kvifor, for då røper eg handlinga, men eg kan seie at avsløring av sanninga får somme personar til å overreagere.

1 kommentar:

  1. Eg las "Det siste barnet" først, og den likte eg veldig godt. Kan hugse at eg ikkje likte "Ved elven" fullt så godt- men det er også alt eg hugsar!

    SvarSlett