onsdag 9. juli 2014

Bok 55 2014: "Flaskepost fra P" av Jussi Adler-Olsen

Av ein eller annan grunn har eg gått rundt og trudd at eg har lese denne boka. Ein dag sjekka eg her på bloggen, og fann då ut at eg må ha hoppa over den. Dermed hadde eg til gode å lese ein knallgod krimroman med spenning frå første til siste CD.

Handlinga tek utgangspunkt i ein flaskepost, som tittelen seier, og snart har Avdeling Q eit mysterium å løyse. Kva står på flaskeposten? Kven har sendt den, og kvifor? Ei rekkje spørsmål er knytt til dette, samtidig som vi får lære å kjenne andre historier parallelt.

Denne bør ein få med seg dersom ein likar krim!

1 kommentar:

  1. Dette var den første eg las om Afdeling Q -og eg var ikkje klar over kor bra denne serien er før seinare. Har tenkt eg skulle lese den om att, men trur det får bero.

    SvarSlett