søndag 5. oktober 2014

Bok 82 2014: "Den stille piken" av Peter Høeg

Av og til føler ein seg berre dum. Denne boka gjorde det med meg - eg skjøna ikkje konseptet, og eg fekk lite meining ut av lesinga. Når eg så les bokmeldingar etterpå, forstår eg at eg må ha gått glipp av noko essensielt.

Hovudpersonen er ein klovn med økonomiske problem. Han får kontakt med ein tidlegare elev som har forsvunne, og han startar dermed ein leiteaksjon. Det viser seg at fleire born har forsvunne, og klovnen får fleire motstandarar i prosjektet sitt.

Handlinga tek noko av, og eg datt av lasset undervegs. Dermed sit eg att som eit spørsmålsteikn, men med ei kjensle av lette over å vere ferdig med boka så eg kan få lese noko som er meir etter min smak.

1 kommentar:

  1. denne forfattaren har eg gitt opp for lengst. Eg vil ikkje sitte og føle meg DUM mens eg les. Den einaste boka hans eg har fullført er "Frøken Smillas........."

    SvarSlett