lørdag 29. november 2014

Bok 96 2014: "Konge i snø" av Tove Nilsen

Tove Nilsen har skrive ei vakker bok om forholdet til far sin, ein mann ho har skildra i fleire bøker før som alkoholisert og einsam. I denne boka skriv ho mellom anna om ei reise til farens heimland, Tyskland, der dottera ser faren på ein ny måte.

Boka er lett å lese og forstå, men eg synest likevel den er litt masete og triviell til tider. Det kan verke som om det er umogleg for forfattaren å la vere å skrive om eigne flyktige kjærleiksforhold, forholdet til borna med meir. Eg trur eg ville ha likt boka betre om den hadde hatt sterkare fokus. perioden ho skriv om er mykje tida rundt Kong Olavs død, og reisa til Tyskland skjer kort etter opninga av Aust-Europa. Her er etter mitt syn nok av spennande tema å ta opp, og forfattarens eigne møte med bartendarar vert relativt uinteressant fyllstoff i forhold.

1 kommentar:

  1. Eg er heilt enig i alt du skriv. Turen til Tyskland er etter mi meining det beste med boka, men forhistoria måtte vel med, den også. At ho sjølv finn mannfolk over alt er mindre interessant. Eg har lese mange bøker av TN før, men kan ikkje hugse å ha lese om ein alkoholisert far. Eg ville ikkje skrive så mykje om boka sidan du skulle lese den rett etterpå.

    SvarSlett