onsdag 18. februar 2015

Bok 16 2015: "Risp i berget" av Øystein Orten

Legg til bildetekst
Svogeren min er ute med ny bok. Det er ei samling av kortare og lengre tekstar i ulik sjanger, men alle i den særmerkte stilen han skriv i, som eg vil kategorisere som både gamalmodig og moderne på same tid. Tekstane handlar om ulike menneske til ulike tider, men på same stad. Alle opplever dei små og store drama i kvardagen, og alle liva er som små risp i berget. Dei blir ikkje omtala i historiebøkene, men folk i bygda hugsar dei ei stund.

Omslaget speglar tematikken effektfullt ved å vise eit vikingskip og ei ferje på fjorden, med Masdalskloven i bakgrunnen.

Eg likte boka svært godt, og kjem nok til å lese den om att med tida. I slutten av månaden håpar eg å kome meg av garde på boklansering, der forfattaren skal lese og lokale musikarar skal spele.

1 kommentar:

  1. Eg har ikkje lese så mykje i boka enno, den toler godt å bli lesen over tid.(Eg les den innimellom lydbøker) Språket er som musikk, med ein særprega markant rytme.

    SvarSlett