tirsdag 24. februar 2015

Bok 18 2015: "Genanse og verdighet" av Dag Solstad

Eg har lese denne boka for mange år sidan, og dessutan sett teaterstykket der Kai Remlov spelte rolla som hovudpersonen Elias Rukla i ein lang monolog. Då eg såg at den same Remlov las lydbokversjonen, fekk eg lyst til å lese denne perla av ei bok på nytt.

Elias Rukla har vore lektor i norsk i om lag 25 år, og han plagast med at elevane syner lite respekt og ikkje ser det geniale som han prøver å formidle. Ein dag oppstår den legendariske paraplyscenen, der Rukla slår forderva ein paraply i skulegarden, medan han tek ut frustrasjon for si eiga utilstrekkelegheit. Vi får deretter innblikk i delar av det tidlegare livet hans.

Eg er no meir på alder med Elias Rukla enn eg var sist, noko som gjer temaet meir interessant, både på godt og vondt. Ein kan kjenne seg att i Rukla både med sjølvironi og sårheit, og boka burde kanskje vere pensum i lærarutdanninga. Eg kunne ha tenkt meg å presentert delar av boka for elevar òg, men det måtte vere i ein klasse der ein ikkje kjende den same distansen som Solstad skildrar.


4 kommentarer:

  1. Eg meiner eg har lese denne for mange år sidan. Elles ser eg også at du har nådd meg att i og med at dette var bok nr.18. No blir eg nøydd til å finne meg nokre tynne papirbøker for å halde tritt.

    SvarSlett
  2. Eg har gått i gang med ei lang lydbok om Knut Hamsuns liv (over 20 timar)...

    SvarSlett
  3. Bra! Då slepp eg å stresse. Når eg har lese ut boka eg held på med no, har eg enda ei krimbok. Og så har eg liggande "Italienske netter" av Katherine Webb-tvilsomt om eg les den

    SvarSlett
  4. Låner av og til bøker av K.Webb, fordi eg blandar henne med Kate Morton-det er Morton eg likar

    SvarSlett