Vi nyt late dagar med dårleg vêr, men godt selskap. Det er lenge sidan vi har hatt så mykje familietid saman. Tre kveldar på rad har vi sett skulemusikalar på dvd, og vi har lufta hund, baka og spelt.
I dag for jentene på politisk møte, Storegut på bandtreff og Minstemann på skyting. Taxi-mamma gjekk tur aleine med hunden i pøsregnet, og så fekk eg endeleg henta ein pakke på butikken. Der hadde ein tidlegare pakke dukka opp att etter å ha blitt send attende til avsendar på grunn av storleiken. Vi er no stolte eigarar av ein saccosekk frå Indiska, i passeleg glorete fargar etter vår smak.
Fint med fargar!
SvarSlettJa, vi er inne i den fargerike årstida. Snart blir det gult.
Slett