torsdag 2. juli 2015

Roadtrip til Åheim, Vestkapp og Ervik

Eldstejenta skal snart køyre opp, og Gamla synest ho bør lærekøyre og bli så flink som mogleg. I dag var det for varmt til å ligge i hagen, så då tok vi oss like godt ein lang køyretur i staden, med fine stopp undervegs.

Første stopp var Åheim, der vi kjøpte is og såg på Jetmundkyrkja. Den opprinnelege Jetmundkyrkja var frå 1100-talet, men den vart riven på 1800-talet, då ein fekk behov for ei større kyrkje. Seinare vart det reist ein kopi av kyrkja. Der er òg stilige, gamle gravstøtter, og nokre nyare som vekte ettertanke.






Neste stopp var Vestkapp, der det var like varmt som andre stader i dag, men sterk vind. Det var nydeleg utsikt i alle retningar, og ikkje ei fluge i sikte. Eg ser folk klagar over denslags på Facebook, men vi har ikkje møtt nokon enno.





Etterpå køyrde vil ned til Ervik, der vi gjekk tur til Tyskarfortet på Hovden.




Siste turmål var kyrkjegarden og badestranda på Ervik. Temperaturen på land var fantastisk, men sjøen var iskald.

Eldstejenta fekk lærekøyre meir enn 22 mil.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar