onsdag 1. juli 2015

Bok 54: "Hungerilden" av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist

I den andre delen i trilogien om "Kråkejenta" vert det gått nokre steg nærare oppklaring, men ikkje fullstendig. Innhaldet strekkjer seg frå valdeleg incest til trivielle ekteskapsproblem, og det er verkeleg spennande å lese. Eg trur ikkje eg vil røpe meir om innhaldet, men heller seie at eg har lese denne boka på papir, noko som går mykje fortare og er meir oversiktleg enn å høyre lydbok - spesielt når ein skal få med seg skifte i tid og stad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar