fredag 3. juli 2015

Bok 55 2015: "Pythias anvisninger" av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist

Denne boka er den tredje i serien om "Kråkejenta", og eg må seie at denne trilogien er det beste krim eg har lese på lange tider. Innhaldet er til tider i overkant grotesk og makabert, men det er først og fremst krimgåta og den psykologiske dimensjonen som har fenga meg. Eg skal ikkje røpe meir av innhaldet, sidan ein då lett kan kome til å avsløre for mykje, men berre gjenta det eg skreiv om den andre boka: dette er bøker ein bør lese på papir, då det elles kan verte vanskeleg å følgje med når det vert hoppa i tid og stad.

2 kommentarer:

  1. Eg står på ventelista for nr.2 og 3. Dei finst ikkje på lydbok så det blir papir på meg også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi tenkjer oss ein tur til tettbygde strok etter helga. Anten så vil du låne "mine", eller så leverer eg dei inn då.

      Slett