onsdag 22. juli 2015

Hageliv 22. juli

I høve dagens dato syntest eg det var ei slags markering å plante roser i hagen. Då passa det godt at det var sal på rosebusker på Plantasjen, og vi enda opp med å kjøpe seks rosebusker av ulike slag. Oppe i hagebedet planta vi ei buskrose med blålilla roser, medan skråninga bortom verandaen fekk to raude og tre rosa klatreroser/markdekkande roser. Når ein handlar utan briller (forfengelighet, forfengelighet) endar ein fort opp med litt anna enn det ein hadde tenkt, men vi får håpe det går bra.

I ei veggrøft fann vi nydelege rosa lupinar, og i journalistens hage grov vi òg opp nokre høge stauder til å ha i skråninga. Planen er å utvide skråninga litt om senn, for her er ein del areal som skal dekkast.
Eg synest lupinar er flotte blomar

Tyven, tyven...

2 stk Heidelberg, 1 stk Rhapsody in Blue, 1 stk New Dawn, 2 stk The Fairy

Fin utsikt frå verandaen

2 kommentarer:

  1. Lupinar er etter kvart blitt eit ugras, men ingen fare så lenge ein klipper dei etter blomstring og hindrar at frøa spreier seg. Stauder har eg rikeleg av, det er berre å kome og tigge.

    SvarSlett
  2. Eg og har mange stauder som eg kan dele/ta vekk der eg har fleire like. Eg har lyst til å plante nokre nye roser og peonar kvart år.

    22.juli har vorte rosedagen for meg og. Eg var snar å finne ei Peacerose i hagen, og eg vill bere roser, ikkje fakkel i toget vi gjekk i.

    SvarSlett