mandag 13. juli 2015

Bok 61 2015: "Gutten med den stripete pyjamasen" av John Boyne

Eg har både lese boka før og sett filmen, men denne gongen høyrde eg lydboka saman med dei to yngste. Det var ei fin oppleving fordi dei tilhøyrer målgruppa meir enn eg, og fordi 15-åringen skal på tur til Auschwitz i haust.

I boka møter ein ni år gamle Bruno, som må flytte til "Alt trist" då faren får jobb der av "Røveren". Gjennom Brunos auge får ein innsyn i kor grusomme konsentrasjonsleirane var, og kor meiningslaus jødeforfølgjinga var - og er. Boka er glimrande innlesen, og det er ei bok som alle born, unge og vaksne burde lese. Eit stort minus er den siste setninga i boka.

2 kommentarer:

  1. Denne har eg lese nikre gonger til elevar før dei reiser på fredsreise. Men siste setninga hugsar eg ikkje ...

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje lagt merke til den då eg las i papirutgåve, men på lydboka seier han høgt og tydeleg: "Dette kan aldri mer skje - ikke i vår tid" eller noko slikt.

      Slett