søndag 5. juli 2015

Stigedalen


I dag ville eg på fjelltur, men ungane ville gå på vegen innover frå Tua til Movatnet. Først møtte vi ein saueflokk, og Charlie vart mildt sagt i fyr og flamme. Eg plar la han gå laus på tur, men det vart uaktuelt. Ved Sagesetra møtte vi på ein flokk med kyr, i elektrisk innhegning. Charlie var framleis noko anspent, men fekk helse litt på dei store dyra. Då vi kom forbi setra, kom vi til ei ny ferist. Der var ein stor flokk kyr og kalvar, og denne gongen var der ikkje elektrisk gjerde. Eg er ikkje redd for kyr, men som ungane sa: "dette blir berre stress". Med hund på slep ville dette neppe bli ein triveleg tur. Det er kjekt å sjå kyr på beite, men det blir nok lenge til vi går tur med hund på Stigedalen igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar