fredag 3. juli 2015

Bok 56 2015: "Ingen som røyker hopper strikk" av Linde Hagerup

I denne ungdomsboka møter vi Billie, som i 1980 er 11 år. Ho ser ei kvinne gå forbi og røyke, og får straks lyst til å vere like kul som denne kvinna. Etter kvart ser ein at røyken blir ein måte for Billie å takle livet sitt på, i og med at familieforholda er litt spesielle og ho fell litt utanfor på skulen.

Eg likte denne boka godt, men den har ikkje ein politisk korrekt bodskap til den oppveksande slekt. Eg trur derfor ikkje eg ville ha late 11-åringar lese den, men kanskje heller litt eldre born og unge. Elles er Billie ein artig hovudperson som ein blir glad i med det same. Tidskoloritten er òg artig, kanskje spesielt fordi Linde Hagerup er fødd i 1968, slik som eg sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar