lørdag 7. november 2015

Bok 96 2015: "Hvitt hav" av Roy Jacobsen

Ulikt mange andre var eg ikkje udelt begeistra for den første boka i serien, "De usynlige". Så vidt eg hugsar kommenterte eg på bloggen min at Wassmo skriv betre om kvinnelagnader på kysten av Nord-Noreg. I denne andre boka tek Jacobsen litt av, og på ein måte blir han meir Wassmo enn Wassmo sjølv er. Ingrid bur aleine på ei øy under andre verdskrig, finn ein nesten død russar som ho bergar attende til livet, og vips så er ho gravid. Det er ingen grenser for kva Ingrid klarer og har greie på, kva relasjonar ho oppnår og kor sterk ho er. Berre den opne slutten hindrar boka i å vere eit gedigent melodrama, men den tyder vel berre på at det kjem meir? Og ja, eg kjem til å lese den neste òg viss den kjem, for uansett melodrama og manglande realisme så har eg sansen for bøker om sterke kystkvinner som ordnar opp og jobbar hardt. Eg er dessutan svak for bøker med trivielle problem som korleis skal ein skaffe mat, korleis skal ein få i ein døyande mann føde og korleis skal ein få varme i huset. For ikkje å snakke om andre verdskrig - det er eitt av mine yndlingstema. Boka har med andre ord mange positive sider ved seg, men det nyttar lite å få til miljøskildringa viss ein ikkje har ei god og truverdig historie å fortelje.

1 kommentar:

  1. Bøkene er på ein måte ganske banale, eg har lese begge to gonger, og ved andre gongs lesing merkar ein det betre. Men eg elskar språket, opplesaren og den evige kampen for tilveret.Roy Jacobsen har halvvegs lova at det skal kome meir.

    SvarSlett