Søndag kom eg meg først ut på tur, deretter rydda og vaska eg huset før ungane kom heim. Dermed var mitt største juleønske oppfylt; heile familien samla til ferie og feiring.
Det vart tradisjonell tenning av fire lys, tradisjonell samling av alle born + hund til fotografering og ei lita boblefeiring til ære for "Straight A"-studenten.
I kveldinga har vi damene sett filmen "Love, Actually", medan gutane stort sett har jamma i kjellaren. No ser vi fram til ei fin veke med mykje fri.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar