Måndag kveld var det felles møte for partilaga i Ørsta, Volda og Hornindal, og vår lokale stortingsrepresentant og kandidat Fredric Holen Bjørdal heldt ei inspirerande innleiing. Etterpå brukte vi om lag ein time til å diskutere ulike strategiar når det gjeld kva saker vi skal fokusere på - og korleis. Det var eit lærerikt møte, og eg ser fram til å arbeide for regjeringsendring til hausten.
For meg er det arbeidsplassar og sjukelønsordning som er dei viktigaste sakene, saman med sjølvsagde toppsaker som skule og helse/omsorg. Det hadde òg vore positivt om partiet hadde fronta nokre viktige miljøsaker som plast i havet, som var ei av sakene vi snakka om på møtet.
vert ei fæl tid, all loving og lyging som kjem
SvarSlettEg berre håpar det vert ein anstendig valkamp, og ikkje USA-inspirert eller rasistisk.
Slett