Etter over eit halvt år utan, fekk vi i dag endeleg på plass ny tørketrommel. I bloggande stund held eg på med dagens tredje klesvask, og det er rett og slett ei fryd å skulle sleppe å ha ståande tørkestativ i gangen til ei kvar tid. Førsteprioritet i dag var sengetøy, som har vore ekstra vanskeleg å få unnatørka. Eg hadde dessutan spart opp nokre skitne handdukar så eg skulle få tørka dei - eg er mektig lei av sandpapirkjensla etter kvar dusj.
Synest du har vore lenge utan ... Forstår godt gleda!
SvarSlett