Laurdagen vart ein lopradag med handletur og besøk hos besteforeldra. Då vi kom heim 18.30, var det begynt å mørkne. Minstemann og eg gjekk oss ein kveldstur med Charlie, og Minstemann fekk som vanleg velje turmål. Han ville gå på hovudvegen, og det gjorde vi med hjartet i halsen. Vi hadde på oss refleks, men bilane suste forbi utan å legge seg så langt ut som dei burde etter mitt syn. Det vart etter kvart ganske mørkt, og eg irriterer meg over gatelykter som ikkje lyser. Eg bør kjøpe meg meir refleksutstyr, trur eg, og dessutan ei ny hovudlykt, før sommartida tek slutt og mørketida kjem for alvor.
Trur vi har fleire ubrukte refleksvestar liggande. Skal eg finne fram?
SvarSlettHer blir aldri for mykje av slikt!
Slett