Fredag klipte eg først plenane. Graset hadde ikkje vakse så mykje, men plenane blømde av diverse kløver og tusenfryd, så det såg langt betre ut etterpå. Deretter gjekk eg laust på eit bed som var fint før vi reiste på tur, og det var ganske fort gjort å få ordna. Dei lilla rosene veks der, og den busken har fått eit oppsving etter at eg kolva ein sekk kugjødselkompost den i det bedet. Etterpå begynte eg på det gigantiske staudebedet, men der vart eg ikkje ferdig med det eg hadde tenkt. Hovudsakleg var det å luke og hakke vekk gras og ugras, men så har eg nokre prestekragar som spreier seg så mykje og som eg vil flytte til andre stader.
I dag gjekk eg først i gang med det gigantiske bedet, som eg no har forstørra (der ligg enno plast på ein liten del av bedet, så eg blir ikkje ferdig i år heller. Arbeidet var ikkje spesielt tungt, men det tok tid å riste av molda av torv som eg hakka vekk. No har eg gjort klart for fleire plantar, så det spørs om eg ikkje må ta meg ein tur på hagesenter i morgon, sjølv om det er søndag. På sikt skal eg plante fleire roser (22. juli-tradisjonen min), men det kan hende eg finn noko anna eg vil satse på òg. Det meste i beda mine har eg fått gratis som avleggarar, og då er det kjekt å supplere med litt andre sortar òg. Skulle eg ha kjøpt planter til alle beda, ville det ha kosta ein formue.
Medan eg arbeider i hagen, får eg god tid til å filosofere. I dag tenkte eg mellom anna på blomebedet på Utvær, og kor grøderikt det er her i forhold. Eg trur eg har luka vekk og klipt nok plengras til å fø ein sau, og her kastar vi berre alt til kompostering. Det same gjer dei på dei fleste gardane her i bygda; ein slår med slåmaskin og let graset ligge att og rotne. Med tanke på generasjonane før oss, som sleit for å skaffe til gards nok fôr, er det noko respektlaust å la norsk jordbruk forfalle. Samtidig kan ein ikkje forvente at folk på bygda skal drive gard av rein idealisme.
Desse var her då vi flytta inn, og dei veks villig ved verandaen og luktar fantastisk |
Denne lilla rosa er favoritten min. Tidlegare år har knoppane ofte berre rotna vekk utan å sprette ut, men i år blir den fin! |