lørdag 9. juni 2018

Bok 38 2018: "Djevelanger" av Frode Granhus

Denne boka er igjen ein god og spennande kriminalroman frå Frode Granhus. Små jenter vert bortførte, ein predikant gir seg ut for å vere klarsynt og ei kvinne i ein gyngestol vert teken til fange. Vi får følgje ei jente som blir bortført, noko som vert ekstra spennande fordi jenta er hyperallergisk for mange mattypar. Igjen er det fleire dreiingar av handlinga mot nye løysingar og forklaringar, og boka er glimrande lese inn av Nils Johnson.

1 kommentar:

  1. Nils Johnson set ein spiss på alle nordnorske bøker han les, sidan han les på nordlandsk. Det blir liksom prikken over i-en.

    SvarSlett