søndag 17. juni 2018

Russetreff 1988-2018

Laurdag var det stor feiring av 30-årsjubileum for russekullet i Volda, altså russ -88. Det var ein flokk på om lag 80 personar som var påmelde. Eg hadde lagt ut invitasjon om omvising på skulen, og der møtte opp om lag 30 personar klokka 13 for å få sjå att gamle trakter og gamle skulekameratar. Det var veldig triveleg, og alle var sjølvsagt imponerte over kor fin skulen er no.

Etter omvisinga gjekk eg på cafe saman med fire tidlegare klassevenninner, og så vart det ein times pause for å skifte over til kveldsantrekk.

På hotellet vart det mykje prat og mingling før vi sette oss til bords og åt ein nydeleg middag. Seinare vart det meir prat, noko dans og svært mykje latter. Alt i alt ein utruleg kjekk og vellukka dag, med mimring frå 13.00 - 3.00.

Det er vel neppe greitt å publisere bilete av folk som var til stades, så det let eg vere, sjølv om det var så utruleg kjekt å sjå for nokre flotte folk det var blitt av klassekameratar og andre medrussar. Eg legg heller ut eit lite utsnitt av eit bilete, av meg sjølv. Det er vel framleis greitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar