torsdag 21. juni 2018

50 år og like blid

50-årsdagen vart ikkje heilt som planlagt. Tanken var å reise inn til Loen, ta gondolbane opp på Hoven, ete eit godt måltid, gå ein tur i fjella og deretter fare heim. Enkelt, men dyrt.

Dagen starta med nysnø i fjellet, og eg var ikkje heilt i strøk. Fjelltur frista ikkje, og eg var heller ikkje så entusiastisk for plan B, som var badeland på hotell Alexandra. Det vart derfor inga feiring på sjølve dagen, men det skal vi nok ta att ved høve.
Ei av gåvene eg har fått er denne keramikklykta. Den vart eg veldig glad for, og det neste no blir å skaffe sef elektriske telys.

Nysnø i fjella 20. juni... Freista ikkje med fjelltur

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar