fredag 15. juni 2018

Hektiske dagar på jobb

Eg las i ei avis i dag at skulen berre driv med sløve aktivitetar i juni. Vel, det gjeld kanskje for somme elevar, men lærarane er stort sett opptekne med diverse oppdrag. Denne veka hadde eg ein roleg dag måndag, men seks av elevane mine fekk vite at dei kom opp i internasjonal engelsk. Eg snakka/chatta litt med nokre av dei, men dei fekk stort sett melding om å gå heim og lese pensum. Tysdag fekk dei tema for presentasjonane sine, og då sat eg saman med dei nokre timar og svara på spørsmål om det dei lurte på. Sjølv måtte eg bruke ein del av dagen til å førebu meg sjølv på kva eg skulle kunne spørre dei om. Onsdag var det eksamen, og dei gjorde det heilt greitt og kom seg gjennom alle seks. Eg var heilt på bølgjelengd med sensor, og vi var heilt einige om karakterane som var sett.

Både tysdag og onsdag hadde eg politiske møte etter arbeidstid, berre for å ha sagt det.

Torsdag reiste eg til ein vidaregåande skule i Ålesund, der eg var sensor i internasjonal engelsk. Også der gjekk eksamen knirkefritt, og på nytt var eg einig med eksaminator når vi diskuterte karakterar. Det var slitsomt å reise i to timar til og frå, og eg småsov litt på ferjereisene, må eg innrømme. På veg heim plukka eg opp Veslejenta, og ho og eg slappa av med serie på tv mykje av kvelden.

I dag, fredag, køyrde eg til Stranda for å sensurer nok eit parti med munnleg eksamen i internasjonal engelsk. Ny faglærar, nye elevar, nye emne og nok ei positiv oppleving. Her var reisetida på 1 time og 15 minutt og ferjefritt, så det var ikkje så gale. Eg såg dessutan eit par stader eg vil gå tur på når veret slår om att.

Storegut og Veslejenta hadde handla inn mat, så eg slapp å tenkje på det. Det vart serie og sofaslying om ettermiddagen, og eg håper det er meir futt i meg i morgon. Det er siste innspurt på jobb no, og ferien vert like etterlengta og fortent som vanleg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar