søndag 3. juni 2018

Bok 35 2018: "Stormen" av Frode Granhus

Handlinga i denne kriminalromanen er lagd til Lofoten, og det er eit gamalt drap som blir avslørt. Ein mann ligg forbrend og hjelpelaus på ein sjukeheim, og vi lurer på kven han er og om brannen i grasklipparen hans var eit uhell. Og gjer han rett i å vere redd ein av pleiarane?

Denne boka var rett og slett spennande. Her var mange vriar og uføreseielege forklaringar, men sjølve gåta var så enkel at ein klarer å henge med. Det einaste som irriterte meg var at det var to politietterforskarar med kvar sitt privatliv inne i bildet. Eg greidde ikkje heilt å halde dei frå kvarandre i høve til kvar hendingane gjekk føre seg.

Boka er glimrande innlesen på lydboka, og dialekten til opplesaren gjer lytteopplevinga meir autentisk.  Eg er glad eg har ei bok til av same forfattar liggande på vent, og er spent på om den er like god.

1 kommentar:

  1. Eg har lese dei fleste bøkene til Frode Granhus, og alle er spennande. Eg kan ikkje halde dei frå kvarandre, men personane som går att i alle bøkene "kjenner" eg.

    SvarSlett