onsdag 13. juni 2018

Bok 39 2018: "Lille land" av Gaël Faye

Denne romanen er utruleg gripande. Den fortel om ein barndom i Burundi som brått blir endra på grunn av ufred i landet, noko som ikkje høyrest så originalt ut. Det som er så ekstra sterkt i denne romanen, er korleis den store kontrasten kjem fram. Boka startar med ein prolog der ein skildrar skilnaden mellom Hutuar og Tutsiar, og der denne skilnaden vert gjord bagatellmessig. Det vert òg vist til Rwanda, der dei to folkeslaga drap kvarandre. Etter kvart kjem det same til å skje i Burundi òg, noko lesaren anar gjennom heile skildringa av ein barndom med vennskap, familieproblem, forelsking og mange andre normale og vanlege barndomstema. Ekstra godt skildra er ein sekvens der hovudpersonen får ny sykkel som  blir stolen, og som han og kompisane reiser rundt for å finne att. Etter kvart kjem valden og problema til Burundi, og språket i romanen blir korthogge og nøkternt.

Boka vart populær og vann fleire prisar då den kom ut i 2016, og forfattaren fekk mellom anna pris for å vere beste debutant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar