søndag 3. juni 2018

Bok 34 2018: "Skandale i Bøhmen" av Sir Arthur Conan Doyle

Nokre av oss i familien er inne i ein Sherlock Holmes-fase. Me har sett den moderne Sherlock Holmes serien, og no ser me "Elementary". Planen var ålese nokre av dei klassiske bøkene òg, men førebels er det berre Gamla som les. Denne boka er ei samling kortare forteljingar, og nokre av dei er underhaldande nok. Eg har hatt boka liggande i bilen, då eg akkurat rekk å lese ei forteljing under overfarten eller i ferjekø. No angrar eg litt på at eg ikkje les bøkene på engelsk, men det får berre vere. Dei hadde mange bøker i serien på biblioteket, og eg les fort når eg først kjem i gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar