mandag 4. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg undervisning frå 8.15 - 15.00. Mellom 14 og 15.00 var eg med på eit møte medan elevane jobba på eiga hand, noko dei gjorde det meste av dagen. Vi starta dagen med norsk, deretter møttest vi på nett midt på dagen for ein liten live-samtale før det var engelsk. I begge øktene skulle elevane sjå noko filmmateriale, og så skulle dei svare på spørsmål og levere inn etterpå. Eg las gjennom svara og gav dei delteke/ikkje delteke etter kvart som dei leverte inn, i tillegg til å gi korte kommentarar der eg meinte det var på sin plass med ekstra ros eller ei presisering/forklaring. I engelsk skulle dei sjå ein dokumentar om plastikk i havet, og i svara sine skulle dei kome med praktiske råd og tips til korleis vi skal bruke mindre plast og korleis vi skal unngå at den endar i havet. I tillegg skulle dei sette inn bilete som illustrerte det dei hadde skrive om.

Etter "jobb" hadde eg eigentleg tenkt meg ut på tur, men då begynte det å hagle. DER går grensa. Det vart berre ei kort lufting av hund, så får vi heller ta att eventyra seinare.

Eg brukte ettermiddagen til litt prating i telefon, litt planlegging av undervisning utover i veka, litt husarbeid - og så var det brått kveld. Det er utruleg kor fort ein bruker opp tida når ein ikkje må skunde seg, men det er no greitt med rolege dagar òg. No har det vore for mange av denslags i ein periode, så eg skal ta meg saman frå og med i morgon. Då skal eg ut på tur uansett, og eg trur eg skal løyse bilen frå tunet òg. Det er litt meir motiverande å gå tur på nye stader, og akkurat no er eg litt lei av dei næraste turområda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar