lørdag 2. mai 2020

Sjuande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja. Ho skulle på jobb, og i kveld skulle ho på fest, så det var det siste eg såg av henne denne veka. Etter køyreturen vart eg sittande med lydbok medan eg venta på at Minstemann skulle vakne. Kneet mitt, som hadde plaga meg så mykje i går, var heilt bra att i dag, så eg var klar for å vere meir i aktivitet.

Då Minstemann stod opp, diskuterte vi litt fram og tilbake. Vêret var ikkje så fint at det freista å gå tur, og eg hadde meir lyst til å få gjort litt i hagen. Det vart dermed til at vi leita fram maskina som kuttar opp greiner, og så kverna vi ei mengd greiner og små tre som eg hadde saga ned for nokre veker sidan. I tillegg fann eg fram nokre små tre som var blitt saga ned av dei som rydda vekk småskog frå straumlinja. Minstemann bar òg vekk siste rest med material frå leikarhytta, så no er snart det hjørnet av hagen under kontroll.

Eg avslutta arbeidsdagen med høgtrykksspylar på verandaen. Der er noko skite som ikkje går vekk, og eg spraya på noko spesialsåpe og skura, og planen er no å la det stå eit par dagar og virke før eg spyler ein gong til. Det skal skrapast litt meir på rekkverket òg, så vi får håpe på regnfrie dagar i ein periode.

I kveldinga kosar eg meg med meir lydbok, medan Minstemann spelar trommer i etasjen under. Om dagane våre kan verke litt einsformige, har vi endeleg mykje tid til å styre med fritidssyslar vi likar. Eg er dessutan sjeleglad for at kneet vart bra så fort. Så lenge ein har hus og hage, er det alltid noko å finne på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar