lørdag 30. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og dermed måtte helga avsluttast og jobben planleggast. Komande veke skal eg på jobb fire dagar, på tre møte på ettermiddags- og kveldstid og vere meddommar i tingretten den dagen eg ikkje skal på jobb. Det er viktig å halde tunga beint i munnen og vere godt budd til alt saman, så søndagen var ikkje nokon fridag, akkurat.

Då ettermiddagen gjekk mot kveld, kom først den eine og så den andre av dei to heimebuande borna heim att, og vi måtte både prate og ete. Veslejenta måtte teste ut mopeden sin, for det vert lange dagar for henne dersom ho skal sitte på med meg. Det er litt av eit puslespel å få kvardagen til å gå ihop, og eg er fullstendig ute av trening. I tillegg er det slike små problem i kvardagen som at kantina på jobb er stengd, så ein ikkje får tak i mat viss ein gløymer niste. Slikt kan ein spare store summar på, noko som kjem vel med når det vert opna for tannlegebehandling og frisør, og når ein må ut av huset og treng å fornye garderoben.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar