onsdag 13. mai 2020

Niande koronaveke, dag 3

To månader etter at eg førre gong var på arbeidsplassen min var det i dag tid for å ta seg ein tur. Dette innebar nye rutinar med spriting og hanskar, men eg fekk skrive ut og kopiert opp heildagsprøveoppgåver til i morgon på ein helsemessig forsvarleg måte. Elevane hadde frivillig oppmøte på førebuingstimane i dag, og dei aller fleste valde å jobbe heime. 

I løpet av dagen var eg òg innom eit digitalt testmøte og eit møte med fysisk frammøte, så det vart ein relativt effektiv dag. 

Vel heime laga eg middag, serverte, åt og la meg på sofaen. Å stå opp tidleg er noko av det verste med kvardag for slike som meg, og eg hadde sove elendig sist natt fordi eg var så redd for å forsove meg. 

Masteroppgåva eg har lese korrektur på i det siste er snart klar til levering, og i dag fekk eg pakke i posten frå den takksame studenten. Det skal bli kjekt å fornye seg i matvegen, sjølv om eg ikkje har tenkt å bli vegetarianar. Nokre vegetarrettar i ny og ne kan vere artig å prøve, tenkjer eg. Mat er ofte ei vanesak, og altfor ofte er ein slitne og lite førebudde når ein går på butikken. 

I dag hadde eg forresten laga søtpotetmos etter oppskrift frå "I form"-bladet eg hadde fått i posten, og det var no ganske godt. I tillegg hadde vi steikt sopp og woka grønsaker i sweet chili sauce (utruleg kva ein finn i skuffer og skap) og steikte fiskekaker. Fiskekaker er vel noko av det mest kvardagslege som finst av middag, og desse var av den billege, enkle og smaklause sorten. Tilbehøret gjorde kvardagen litt festlegare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar