lørdag 30. mai 2020

Pinseaftan 2020

Måndag bestemte eg meg for å slutte å telje koronaveker, sjølv om vi enno ikkje er attende til normalen. Denne veka var unormalt travel, og den likna meir på kvardagen enn det eg har opplevd på lenge.

Måndag skulle eg tidleg på jobb, og Minstemann og eg la av garde i bil, men gjekk frå ferjekaia og opp til skulen. Eg skulle ha den same klassen i eitt fag fram til lunsj, men dei var fordelte på to rom. Eg måtte derfor undervise i det same to gonger, medan resten av klassen jobba med noko anna. Eg var heldigvis tidleg ferdig, så eg stakk heim og slappa av og laga middag til Minstemann kom heim. Seinare for eg attende til kommunesetnteret for å diskutere politikk på gruppemøte, slik vi har brukt å gjere når det skal vere kommunestyremøte. Då eg kom heim, hadde Minstemann klipt plenane, og det vart eg sjølvsagt svært takksam for.
Bilete frå pinseaftan

Tysdag skulle eg ikkje på jobb, men eg var innkalla som meddommar i tingretten. Det vart ein intens dag, men det var lærerikt og interessant òg. Om ettermiddagen/kvelden hadde vi vaske-dugnad og årsmøte på grendahuset, og "ungane" for på korps.

Onsdag var det tidleg opp og på jobb att - denne gongen for å undervise i engelsk, to gonger same opplegget som skulle vere ei førebuing til heildagsprøva torsdag. Denne ettermiddagen var eg nesten daud då eg kom heim, så det vart mat i full fart og middagskvild det meste av ettermiddagen.

Torsdag var den aller mest hektiske dagen. Eg måtte tidleg opp og på jobb, der klassen min skulle ha heildagsprøve i engelsk. Det innebar at eg sat vakt i over fem timar i strekk, før eg skunda meg av garde for å gå på kommunestyremøte. Dette var det første møtet vi har hatt med fysisk frammøte sidan nedstenginga, så det var ein del saker som var blitt utsett. 21.35 heva dei møtet, og då skunda eg meg rundt fjorden for å køyre ein gjest på ferja.

Fredag starta med videokonferanse og nettundervisning. Deretter reiste Minstemann og eg på handletur, og så brukte vi resten av dagen til å ordne mat og denslags. Dette var nemleg 20-årsdagen til Veslejenta, og den skulle vi sjølvsagt feire, med Cava, taco og Pavlovadessert.

I dag, laurdag, reiste vi til tettbygde strok og handla bursdagsgåver. Veslejenta skal flytte til storbyen  til hausten og må etablere seg med huslege ting for første gong. Planen hennar var å handle på Ikea, men eg bad om å få vere med henne på handletur og støtte dei lokale butikkane. Dermed kjøpte vi ein kasserolle til mjølkemat, ein stålkasserolle, ei stekepanne, eit lok til den sistnemnde og ei rosa vassflaske. Det vart ei nyttig gåve, og eg trur seljaren var nøgd med handelen han òg. Etterpå besøkte vi Mamma/Mormor, noko vi ikkje hadde gjort på ei stund, og det var sjølvsagt hyggeleg. Vi har dermed ikkje vore ute på tur denne veka, og hunden har berre blitt lufta i nærområdet. Verken han eller vi har lide noko naud, men vi har ikkje nytta finevêret så mykje som vi hadde kunna.

Vi kunne til dømes ha grilla i kveld, men vi har huset fullt av restar som bør etast opp. Det går heilt fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar