søndag 17. mai 2020

Niande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja, då ho skulle på jobb. Det var 0 grader og ganske mykje slaps på vegane somme stader, og då eg kom heim, såg eg at facebook var fylt av bilete av kor grusomt føret var på Stigedalen. Dermed måtte vi over med ferja for å få handla skikkeleg med mat og slikt vi trengde. Vi fekk òg tid til eit lite kafébesøk før vi henta Veslejenta på jobb. Eg er oppteken av å støtte opp om det lokale næringslivet etter nedstengingsperioden, og det er ein av grunnane til at eg har tenkt å gå mykje på kafé framover. På Grodås har den trivelege Løvlands  allereie valt å legge ned, og det synest eg er trist. Viss vi ikkje kan reise i sommar, kan vi shoppe og gå på kafé i staden, det er min filosofi, men samtidig er det litt skummelt å gå ut i samfunnet att.

I kveldinga har vi kosa oss med diverse på tv - Veslejenta og eg såg programmet som gjekk i staden for den avlyste Eurovision-finalen, og det var ei fattig erstatning. Elles gav eg bunadskjorta hennar litt stell, såpass ho kan ha på seg bunaden den timen vi skal feire nasjonaldag i morgon. Det er bra det blir litt korpsmusikk, elles er det ikkje ein dag eg er så veldig glad i. Det er trasig for russen, tenkjer eg, for denne våren får dei ikkje att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar