lørdag 2. mai 2020

Sjuande koronaveke, dag 5

I dag er det første mai, og eigentleg skulle eg ha feira dagen på tradisjonelt vis med talar, kake og kinarestaurant. Det går sjølvsagt ikkje i den tida som no er, då alt er stengt og avlyst. Planen var derfor å gjere litt utearbeid, som til dømes å skure verandaen fri for grønske på flisene og kanskje også spyle den att. Så var det berre det at eg vakna med ein skrekkeleg verk i eine kneet, og ein svak verk i det andre. Eg kunne ikkje skjøne kva som var gale, og om det ville hjelpe med mosjon eller kvile. Vêret var heller ikkje så bra, så det freista eigentleg ikkje med utesyslar. Det vart dermed ein dag med roleg inneliv, ei god bok og ein del sjåførverksemd (3 turar tur-retur til Folkestad). Eg fann noko smertestillande krem som eg smurde rundt knea, og eg trur eg er nesten bra no. Det kan hende det heile var eit giktanfall, for vêret hadde skifta veldig, men eg håper i alle fall det er noko forbigåande.

Av alle ting hadde eg fått så lyst på ertestuing, så i går kveld sette eg i bløyt ein pakke grøne erter. I dag vart det kjøtbollar, ertestuing, grønsaksblanding og poteter til middag. Eg kan ikkje hugse kva tid  sist eg åt kokte poteter med saus, men det er eigentleg ganske godt. Kjøtbollane var ferdigkjøpte av typen "tapasboller", og dei var litt heftigare pepra enn dei eg har kjøpt tidlegare. Ungane ville nok kanskje heller hatt taco, men ingen klaga på menyen. Det var nok ei stund sidan dei hadde ete kokte poteter med saus òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar