Minstemann og Gamla plar vere på lag når vi spelar brettspel, og i dag knuste og mosa vi søskena hans med våre fantastiske bidrag til mimekunsten. Særleg Minstemann som farao var verd å merke seg - spesielt kopla saman med min "walk like an Egyptian". Dei andre var ikkje så bortreiste dei heller, men innimellom er det dårleg med miming. Det er nokre dagar sidan dei var samla rundt bordet sist, og det merkast. Bloggidyllen skuldast eine og aleine at eg bruker stillbilete.
mandag 10. august 2009
Fantasifullt? Ikkje fotomotivet, i alle fall. Trur eg har verdas best dokumenterte kjøkenbord...
Minstemann og Gamla plar vere på lag når vi spelar brettspel, og i dag knuste og mosa vi søskena hans med våre fantastiske bidrag til mimekunsten. Særleg Minstemann som farao var verd å merke seg - spesielt kopla saman med min "walk like an Egyptian". Dei andre var ikkje så bortreiste dei heller, men innimellom er det dårleg med miming. Det er nokre dagar sidan dei var samla rundt bordet sist, og det merkast. Bloggidyllen skuldast eine og aleine at eg bruker stillbilete.
Pitt Pott Nøtt?
Kvart år, omtrent på denne tida, tek eg med ungane på ein handlerunde før skulestart. Det er så mangt ein treng, og det er greitt med noko nytt for å markere overgangen til kvardag. Vi har kjøpt brede, matboksar, klede, permar og diverse. Då eg spurde Minstemann om han trengde tusjar, svara han "neeeeei, men legoen min e litt kjedelig, so ej trur ej trenge litt ny..."
Dei tre yngste skal gå på same skule, og vi kjøpte nye "første-skuledag-klede" til dei med ein plan om at dei skulle stå litt i stil. Gamla har nemleg ein pussig fiks idé om at ungane skal stå i stil til kvarandre. Eldstejenta nektar sjølvsagt å vere med på notane, men Gubben vart litt misunneleg på buksa til Nummer 2 (heilt til venstre - kleda er sorterte etter alder på borna). Eg trur forresten han hadde ei liknande på 80-talet...
søndag 9. august 2009
Det blir atter sol og sommer...
Heldigvis kom det ein skikkeleg sommardag medan kusina er på besøk! Vårt sjølvskrivne turmål slike dagar er Brundalen, der det langgrunne vatnet er fantastisk å boltre seg i for store og små. Vel, dei store stod strengt tatt over i dag, for der var ein isande kald vind. Nista vi hadde med, var bollar frå i går. Nok ein god grunn til å bake!
I kveldinga har Gamla klipt plen og sykla med ein hund, Gubben har børsta den andre hunden og no er han og ungane på fisketur.
Nummer 2 vart kjend med ein Labrador på setra i dag, og no vil han gjerne ha det neste gong vi skal ha oss hund. Etter to timar med pelsstell er kanskje Gubben på gli?
Og så vart det omsider kveldsmat...
Nokre dagar er ikkje lange nok til å få plotta inn nok måltid. I dag hadde eg planlagt baking og Gubben lova ungane tacos - i tillegg hadde vi ein heil del middagsrestar frå i går som vi ville bli kvitt. Med tida til hjelp og litt ekstra mosjonering av hundar greidde vi å opparbeide matlyst til alle måltida. Ingen skal gå svoltne til sengs! Eg berre lurer på kva vi skulle ha gjort dersom dei i tillegg hadde fått fisk på turen i dag...
lørdag 8. august 2009
Skitt fiske
Bolletante og dei gode hjelparane
Dagen så langt har vore passeleg daff; Gubben tok med seg ungane på fisketur (dei fekk ikkje fisk) medan eg sykla/gjekk med ein hund og klipte ein plen. Etter det sette eg ein deig, såpass vi hadde ein triveleg formingsaktivitet etter middag. Vi har laga kanelsnurrar med og utan vanilje, bollar og kringle, og det var laurdagsgodt etter min smak. No steikjer eg siste bretta medan vi et av dei første - kanskje går vi i null til slutt!
Eg må forresten innrømme at eg vart inspirert til bakinga av Eidabesta sin blogg - kanskje blir eg så inspirert av blogglesinga at eg begynner å strikke!
Gamla demonstrerer sin lysande intelligens...
Etter å ha lese og sett krim halve kvelden, sat eg fredeleg og fint i stova med tende lys mutters aleine (ungane var i campingvogna, Gubben var på fest). Ein halvtime før midnatt ringde det på døra, og ein hyggeleg kar stod på trappa og lurte på om mannen min var her, eller om eg dreiv med jakt og slikt... Det viste seg at nokon hadde kjørt på ein hjort som låg sterkt skadd i grøfta, og det var mørkt i alle glas i den vesle bygda. "Ja, alle er vel på hytta", sa eg og prøvde fåfengt å få tak i Gubben per telefon. Framandkaren sa han dreiv ein del med jakt sjølv og var tilknytt viltnemnda, og eg tilstod straks at eg hadde våpen i hus og kunne skaffe ammunisjon òg, viss eg fekk tak i Gubben. Mannen sa han ikkje hadde lov å skyte med andre sine våpen, og at hans tilknyting til viltnemnda ikkje talde fordi han budde i ein annan kommune.
Omsider kom eg på nokon han kunne oppsøke, så fyren forsvann og kom ikkje attende.
Så slo tanken meg: kva er dette for åtferd? Tilstå at ein er aleine i bygda og nesten tilby ein framand mann å låne våpenet ein har ståande? I tillegg demonstrerte eg faktisk på direkten at eg ikkje fekk tak i nokon på telefon som kunne hjelpe meg!
Jaja, ingen kan skulde meg for å vere skvetten eller mørkeredd. Eller særleg lur, når alt kjem til alt...
Omsider kom eg på nokon han kunne oppsøke, så fyren forsvann og kom ikkje attende.
Så slo tanken meg: kva er dette for åtferd? Tilstå at ein er aleine i bygda og nesten tilby ein framand mann å låne våpenet ein har ståande? I tillegg demonstrerte eg faktisk på direkten at eg ikkje fekk tak i nokon på telefon som kunne hjelpe meg!
Jaja, ingen kan skulde meg for å vere skvetten eller mørkeredd. Eller særleg lur, når alt kjem til alt...
fredag 7. august 2009
Bok 47 2009: "Ondskapens hjerte" av Chelsea Cain
Korleis kan ein kriminalroman om ein seriemordar som vart sett i fengsel for to år sidan vere spennande? Eg har tidlegare lansert idéen om at komposisjonen i ein kriminalroman er avgjerande for kor spennande den er, og her finn vi dramatiske parallellhandlingar som går inn i kvarandre og skaper lyst til å lese vidare. Karakterane vert tydeleg etablert, noko som òg er avgjerande dersom ein skal bli engasjert i handlinga. Det blir ein til gagns, sjølv om ein, viss ein skal vere pirkete, kan innvende at slutten blir unødvendig langdryg.
Boka er forfattarens debut som skjønnlitterær forfattar, og den er så ny som frå 2007. Det har seinare kome ei bok til, der ein vil møte att seriemordaren og etterforskaren frå denne boka. Eg er spent på om det er mogleg å halde spenninga oppe, eller om ein går lei av det spente forholdet mellom torturisten og offeret hennar. Uansett kjem eg til å lese den, for dette var krim heilt etter min smak.
Roleg dag på landet
I dag har Gamla undertrykt organisator-genet sitt og late ungane aktivisere seg sjølve. Dei har skote med luftgevær, sunge sing star, hoppa på trampoline og "teikna" på data - og sikkert mykje eg ikkje har oversikt over. Eldstejenta og fetteren vart frakta til Volda etter middag, og så skulle dei ta bussen vidare til Molde for å besøke fetteren til fetteren, for å seie det enkelt.
Nokon som hugsar Barne-tv-serien "Hvor er Willy"? Poenget der var å finne Willy (eigentleg "Wally") på eit myldrebilete. De kan no leite etter Minstemann på middagsbiletet...
torsdag 6. august 2009
Dyr som (for min del) gjerne kunne ha vore utrydda (men som sikkert har ein viktig funksjon i eitt eller anna økosystem)

1. Flygemaur. Totalt meiningslaust å ha sånne småkryp på bakken, men verre når dei i tillegg kan flyge. Både på Bjørnasethornet og Brekkeheida aula det av slike eklingar.
2. Klegg. I det du kjenner at dei stikk, er det allereie for
seint. Spesielt mange funn er gjorde i Brundalen og på vegen opp til Julegrøsdalen.3. Brunsniglar. Systa på Hareid synte seg i dag frå si mørkaste side då ho med greinsaksa si gjorde ende på ein snigel i ein rask, effektiv og slimete prosess. Ikkje berre meiningslause dyr, men òg skadelege.
4. Padder. Eg forstår meg ikkje på dei som på død og liv vil verne desse ekle krypa, som kipper folk som

er ute og går tur i skyminga. Sist observert på veg ned frå Norddalssetra til Fyrde.Nokon som har innvendingar? Eller forslag til fleire på lista?
Reiret fyllest
Brekkeheida (377m)
Dagens vesle trimtur var eit attersyn med gamle, kjende stader. Brekkeheida var, etter det eg kan hugse, eit turmål som vart flittig nytta på skuleturar før i "gamle dagar". Der går helleveg nesten heilt opp til ei seter, og så kan ein gå oppe på fjellet og sjå utover Ørsta. Problemet mitt har tidlegare vore å finne byrjinga på hellevegen, og det var ikkje så vanskeleg når ein hadde fått forklaring på kvar ein skulle køyre.
onsdag 5. august 2009
"Peppers pizza"?
Nummer 3 er fast bestemt: ho vil bli kokk når ho blir stor. Helst vil ho drive sin eigen pizzarestaurant. Og i fritida skal ho styre med alle hundane sine.
Minstemann har vore litt meir vinglete i yrkesvalet sitt, men i sommar har han vore fast bestemt på å bli postmann i Sverige. I dag var han litt på gli - han vil bli snikkar, ein slik som bygger hus til folk. Og så vil han jobbe som pizzabod på Nummer 3 sin pizzarestaurant, som han forresten skal bygge. Men ho skal vere sjefen, seier han, for då må ho betale han løn.
Nummer 3 er ei tenkjande lita dame, som funderer på kva alt frå kva prisar det er fornuftig å ta på pizzaen til kva namn hundane hennar skal få. Ho har dessutan ingen moralske problem med å kjøpe Grandiosa billeg på Rema 1000 og selje den med ein viss avanse på restauranten sin. Det kan nemleg hende ho får det litt slitsamt med både matlaging, sjefing og hundehald.
Minstemann skal sjølvsagt òg ha hund, og den skal heite Peder. Sjølv vurdere han å skifte namn til Pepper. Ikkje noko dårleg forretningsidé for eit pizzabod!
Minstemann har vore litt meir vinglete i yrkesvalet sitt, men i sommar har han vore fast bestemt på å bli postmann i Sverige. I dag var han litt på gli - han vil bli snikkar, ein slik som bygger hus til folk. Og så vil han jobbe som pizzabod på Nummer 3 sin pizzarestaurant, som han forresten skal bygge. Men ho skal vere sjefen, seier han, for då må ho betale han løn.
Nummer 3 er ei tenkjande lita dame, som funderer på kva alt frå kva prisar det er fornuftig å ta på pizzaen til kva namn hundane hennar skal få. Ho har dessutan ingen moralske problem med å kjøpe Grandiosa billeg på Rema 1000 og selje den med ein viss avanse på restauranten sin. Det kan nemleg hende ho får det litt slitsamt med både matlaging, sjefing og hundehald.
Minstemann skal sjølvsagt òg ha hund, og den skal heite Peder. Sjølv vurdere han å skifte namn til Pepper. Ikkje noko dårleg forretningsidé for eit pizzabod!
tirsdag 4. august 2009
"Du sa du ville ete middag ute..."
Gubben har tidlegare feira bursdagen sin i Tyrkia, på Jersey og på Nesbyen, og i dag ville han på nytt feire dagen sin på ein eksotisk stad.
Turen gjekk i dag til Jolgrosdalen (Julegrøsdalen, viss ein skal følgje stadnamna på diverse kart) - ein tur vi har snakka mykje om, men som vi ikkje har lagt ut på fordi vi ikkje visste kvar råsa var, og fordi vi trudde det var langt dit. Minstemann brukte to timar frå parkeringsplassen i skogsvegen og heilt fram, så dette var absolutt overkomeleg. Råsa var ganske tydeleg når ein først fann den, og det var lett å gå med svak stigning og ikkje så frykteleg mykje skog.
Det var mogleg å fiske i vatnet, men vi hadde no med pølser for sikkerheits skuld. Vêret var nydeleg, men då vi gjekk nedatt, såg vi skodda kome sigande.
mandag 3. august 2009
Gubben 44
"Fint hår", sa Eldstejenta då ho såg dette biletet. Og der var ingen tvil om at ho meinte det ironisk. Uansett: biletet viser ein ung gubbe i 1986 eller -87, då skinnbukse og lang, svart frakk var blant favorittrekvisittane. Dei mest skarpsynte vil kanskje legge merke til sminka, men eg kan roe dykk med at den berre vart brukt når han stod på scenen. Ikkje så unormalt på 80-talet, men ikkje nokon vane det vil vere lurt å drage fram att.Vi gratulerer med dagen!
Sideways (2004)

Ein lærar som er skuffa over sitt eige liv og ein nesten ukjend skodespelar legg ut på ei reise med vinsmaking og sjekking av damer ei veke før skodespelaren skal gifte seg. Begge er i ei slags midtlivskrise, og som i dei fleste "road movies" møter dei menneske på reisa som hjelper dei vidare i liva sine. Ikkje av dei djupaste, men absolutt ein fin film dette òg.
The Bucket List (2007)

Med skodespelarar som Morgan Freeman og Jack Nicholson MÅ det bli bra. Dei spelar i denne filmen to aldrande menn som er dødssjuke av kreft, og som har nokre ønske om kva dei vil utrette før dei døyr. Handlinga er ikkje svært original, men dei to hovudrolleinnehavarane spelar så overtydande at ein blir riven med uansett. Den norske tittelen er "Nå eller aldri", noko som høyrest ut som ein middelmåtig åttitalskomedie, medan originaltittelen viser til lista over ting dei to mennene vil gjere eller oppnå før dei døyr. Denne bør de unne dykk å sjå!
søndag 2. august 2009
Bjørnasethornet (739 m) rett opp, og ikkje fullt så rett nedatt...
I dag ville Gubben og ungane på fisketur, og då såg eg mitt snitt til å gå ein fjelltur med Bianca. Råsa er ikkje alltid like tydeleg opp til Bjørnasethornet, men eg følgde rådet frå nabo N og gjekk etter retninga oppover. Det gjekk fint - turen tok berre 55 minutt frå parkeringsplassen til toppen. Nedatt svikta både retningssans og discman, og der var dessutan mange distraksjonar i form av blåbær og andre bærsortar, så vi rota oss langt ut i feil retning før vi henta oss innatt og enda opp på ein heilt annan stad enn der vi gjekk opp. Det er svært lite hjelp i "sporhunden" Bianca, men mykje selskap.
På det første biletet, som ikkje er teke frå toppen, kan de sjå fire vatn: Jolgrosvatnet (skrivast eigentleg "Julegrøsvatnet"), Sulvatnet, Brundalsvatnet og Lisjedalsvatnet. Nedst til venstre er Brundalsvatnet, der vi ofte plar gå. Nedst til høgre er Lisjedalsvatnet, der vi av og til går tur, og der folk frå Straumshamn får drikkevatnet sitt frå. Øvst til høgre, nærast fjellet "Keipen", ligg Sulvatnet. Dit gjekk vi tur tidlegare i veka. Øvst til venstre ligg Jolgrosvatnet (litt vanskeleg å sjå). Dit har eg lyst til å gå, men eg kan ikkje vegen. Kanskje eg prøver likevel, ein annan dag.
lørdag 1. august 2009
Bok 46 2009: "Blått som Alentejo" av Monica Ali

Sidan eg var så begeistra for "Brick Lane" at eg faktisk valfarta dit i vinterferien, var det med visse forventningar eg begynte å lytte til denne boka av same forfattar. Miljøet denne gongen er ein fiktiv by i Portugal, og bokmeldarar omtalar romanen som ein "moderne kollektivroman". Eg har tidlegare hevda at det ikkje skal vere stort persongalleri eller innfløkt komposisjon viss ein roman skal passe som lydbok, og eg vil no på det sterkaste hevde at "moderne kollektivromanar" ikkje passar som lydbok i det heile. I alle fall viss ein lyttar til lydbok medan ein syklar eller går på skogstur. Eg hadde problem med å halde personane frå kvarandre og å følgje med i dei ulike lagnadene, og konklusjonen min er at boka er relativt uinteressant. I alle fall samanlikna med "Brick Lane".
Humor og dramatikk?
Eldstejenta hadde med rikeleg seigt kliss frå Danmark, noko dei tre yngste i dag skulle fortære som barne-TV-godt. Midtvegs i haugen fekk gutta eit anfall av humor, og etter "måltidet" felte Nummer 3 ei tann. Gamla kokar alltid kaffi til barne-TV og kosar seg saman med borna, som alltid får meir godteri enn dei sjølve greier å fortære, men eg kan forsikre om at tanngarden min er intakt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


