onsdag 15. juli 2015

Kjapp og klissete sjokoladekake

Botn:
2 store egg
150 g smelta smør
3 dl sukker
4 ss kakao
3 ts vaniljesukker
1,5 dl hvetemel

Bland ingrediensane i miksar, steik i smurt form (22 cm) i 15 minutt, 225 grader

Glasur:
100 g kokesjokolade
2 ss kremfløyte

Kok opp fløyten og la sjokoladen løyse seg opp, tøm over varm/lunka kakebotn

Viss ein likar klissete, saftige sjokoladekaker, kan ein servere denne lunka. Den kan òg serverast kjøleskapskald dersom det vert altfor klissete.
Eg laga kaka direkte i smurt "bake it easy"-form. Litt av røra lak ut, elles var dette utruleg lettvint.

tirsdag 14. juli 2015

Bok 66 2015: "Psyko" av Widar Aspeli

Eg-personen er oppteken av to jenter som ikkje vil ha noko med han å gjere. Både han og dei oppfører seg merkeleg, og etter kvart blir det ei spennande forfølgingsjakt. 

Dette er ei kort lettlest-bok for ungdom som ikkje har lese så mykje før. Språket er enkelt, men intenst, og det slår meg at slike lettlest-bøker minner ein del om poesi. Ein skal få plass til mykje stemning og handling ved å bruke få ord. Denne boka fungerer for meg, men den kan kanskje bli for uklar dersom det er snakk om ein lesar som har lese svært lite før.

Bok 65 2015: "Blå blondie" av Linn T Sunne

Katti er aleine heime fordi foreldra er på sjukehuset med systera, som er kreftsjuk. Saman med venninna planlegg Katti å ha ein fest, og dette får ting til å skje.

Boka er skriven på nøytral nynorsk, har korte kapittel men ei handling som kan fenge tenåringsjenter. Her er både trivielle og meir alvorlege problemstillingar, men kanskje er løysingane litt lettvinte. Noko eg likar med boka, er at den har ein slutt som ikkje er altfor open. mange urøynde lesarar vil føretrekke å få vite korleis det går. Boka sorterer under kategorien "lettlesbok", og eg vil seie forfattaren har lukkast godt i å få mykje handling og dramatikk inn på få sider med enkelt språk.

Bok 64 2015: "Det blir pinlig uansett" av Bjørn Sortland og Tyra Teodora Tronstad

Elias sit på bussen og ser på ei jente, og ho held ei mappe med mailadressa si på. Dette er utgangspunktet for denne ungdomsboka, som er bygd opp som ei mailutveksling mellom Elias og Susanne.

Boka vart til som eit prosjekt mellom to forfattarar som ikkje hadde møtt kvarandre, og dei skal visstnok ha skrive den på 13 dagar. Boka er kort, og den vil truleg vere lett å lese for unge utan lesetrening. Det vert veksla mellom nynorsk og bokmål, noko som kan fungere fint for å snike inn litt nynorsk i kvardagen til bokmålsbrukarar.

mandag 13. juli 2015

Bok 63 2015: "Venezia mysteriet" av Bjørn Sortland

Denne boka er del av ein barnebokserie om kunst i ulike byar. Tanken er truleg å flette inn faktakunnskap i forteljingane, og det synest eg er ein god idé. Eg trur òg at detektivforteljinga vil fungere for born, og at vaksne kan leve med å lese desse bøkene anten på papir eller å høyre lydbøkene. Det er rart med det; ein kan alltids lære noko...

Hovudpersonen er David, som reiser på tur til Venezia med familien sin. Der ser og opplever dei mykje, blant anna eit kunsttjuveri. Sist i boka kjem eit lite språkkurs og nokre tips til kva ein kan gjere i Venezia.

Bok 62 2015: "De tre skjeletters øy og andre grøsserhistorier"

Denne boka er ei samling klassiske grøssarhistorier, der fleire er skrivne av Roald Dahl og ei av Edgar Allan Poe. Vi fann lydboka blant barne- og ungdomsbøkene på biblioteket, men historiene appellerte meir til meg enn til borna mine då vi høyrde lydboka i bilen. Noveller eignar seg generelt sett dårleg til lydbøker, i alle fall viss det ikkje blir ein skikkeleg pause mellom tekstane. Ein treng eit avbrekk før ein tek til på neste tekst - spesielt etter ein overraskande slutt. Frøydis Armand les godt på lydboka, men eg kunne altså ha tenkt meg eit musikkinnslag eller liknande mellom kvar tekst.

Bok 61 2015: "Gutten med den stripete pyjamasen" av John Boyne

Eg har både lese boka før og sett filmen, men denne gongen høyrde eg lydboka saman med dei to yngste. Det var ei fin oppleving fordi dei tilhøyrer målgruppa meir enn eg, og fordi 15-åringen skal på tur til Auschwitz i haust.

I boka møter ein ni år gamle Bruno, som må flytte til "Alt trist" då faren får jobb der av "Røveren". Gjennom Brunos auge får ein innsyn i kor grusomme konsentrasjonsleirane var, og kor meiningslaus jødeforfølgjinga var - og er. Boka er glimrande innlesen, og det er ei bok som alle born, unge og vaksne burde lese. Eit stort minus er den siste setninga i boka.

Bok 60 2015: "Mokka" av Tatiana de Rosnay

Ei kvinne opplever ei mors mareritt: sonen blir påkøyrd og hamnar i koma, påkøyrd av ei blond kvinne og ein mann i ein mokkabrun Mercedes. Paret stikk av, og hovudpersonen ønskjer å finne dei og konfrontere dei med det dei har gjort.

Boka hadde nokre lyspunkt, men altfor mange klisjéar og føreseieleg innhald etter min smak. Spesielt irriterte det meg at forfattaren dikta inn ein britisk ektemann, og ein masse skvalder om britisk versus fransk kultur, utan at dette hadde noko med handlinga elles å gjere. Eg syntest ikkje det vart truverdig, og eg vart heller ikkje knytt til hovudpersonen. Ordspelet Mokka - koma skal eg ikkje kommentere eingong.

Miniferie dag 2

Søndagen begynte litt brått og tidleg, då vi skulle vere klar på hundeutstilling på Tresfjord stadion klokka 10 om morgonen. Resultatet derifrå var blå sløyfe, men Charlie vart plassert framfor den andre junioren, som fekk gul. Kritikken var heilt annleis enn sist, og det er alltid interessant å sjå.

Etter utstillinga for vi til Åndalsnes for å ete lunsj, og så spurte eg ungane om dei ville sjå ei stavkyrkje eller Trollstigen. Svaret var: "begge delar" - dermed var planen klar. Turen gjekk først til Rødven, der det ligg ei gamal stavkyrkje som har fått vindauge sett i på 1600- og 1800-talet. Vi fekk eksklusiv omvising sidan vi var dei einaste som var der.

Trollstigen vart eit kapittel for seg. Eg har ein ikkje heilt ubetydeleg høgdeskrekk, og midt oppe i bakken kjende eg at angsten tok overhand. Eg bestemte meg for at eg ikkje ville greie å køyre same veg ned att, og det var heilt greitt for ungane. Dermed kunne vi nyte utsikta då vi endeleg kom opp, noko eg neppe hadde gjort dersom eg visste at eg måtte køyre den vegen nedover. Vi fekk dermed ein fin og lang biltur på Sunnmøre, der vi blant anna fekk sett Gudbrandsjuvet.
Frå utstillinga i Tresfjord

Lunsj på Åndalsnes

Den "nye" kyrkja på Rødven

Rødven stavkyrkje



C4: Christian IV

Sjøgras til minne om eit forlis

Inngang for menn: høgt og smalt

Dagens barn: "Nydeleg, men dødeleg"

Letta sjåfør. Første og siste gong eg køyrer Trollstigen!







Dagens outfit


Gudbrandsjuvet


Suvenir-shopping

Miniferie dag 1

Laurdag gjekk turen til Hornindal, Stranda, Stordal, Sjøholt og vidare til Måndalen, der vi hadde leigd hytte eit par netter. Vi stogga først ved den gamle brua i Hornindal, deretter stogga vi ved Rosekyrkja i Stordal og gjekk inn der (etter bloggtips frå Besta). Ein nydeleg og innhaldsrik dag!
Giftesteinen


Veslejenta på preikestolen (inspirert av Morfaren)




Detalj frå taket. Ikkje akkurat Peterskyrkja, men det har sin eigen sjarm

Rosekyrkja utanfrå



Måndalen. Bygningen tilhøyrer Wenaas-gruppen. Statua er av "Amerika-Lars"

Måndalen

Måndalen (Campingplassen bak Wenaas-bygget)

Ved campingplassen i Måndalen

fredag 10. juli 2015

Wet look

Så var vi nesten klar til avreise...

Shoppingdag

Vêret er ikkje akkurat ideelt sommarvêr, men dagane går med til avslapping og kos utan større utflukter - for dei av oss som ikkje arbeider. I dag tok dei to yngste og eg oss ein tur til tettbygde strok for mellom anna å kjøpe hundeshampo og mat. Storegut klipte plenane medan vi var borte, så hagen ser nokolunde ok ut. Vi har forresten fått god hjelp av dei kommunale kantslått-maskinene denne veka. I bloggande stund lagar ungane middag, medan Gamla vaskar klede, som vanleg...

Bok 59 2015: "Alle har eit sultent hjerte" av Bjørn Sortland

Ina er kanskje blitt gravid etter å ha vore saman med ein gut på ein fest, og han har eigentleg kjærast frå før. Romanen skildrar kjenslene til Ina og samtalane dei to ungdomane har med kvarandre.

Problemstillinga i boka er tidlaus, og den bør både vere interessant og lett å lese for målgruppa. Skal eg kritisere noko, må det vere at Ina ikkje passar heilt inn i tida handlinga er lagd til. Eit døme på dette er når dei køyrer rundt og bruker usikra nettverk på ei berbar datamaskin (boka er frå 2008) og 16 år gamle Ina skildrar noko som "heilt finsk fjernsynsteater". Dette gir neppe meining for nokon fødd etter 1990.

torsdag 9. juli 2015

Bok 58 2015: "Eleanor & Park" av Rainbow Rowell

Eleanor og Park er to ungdomar som møtest, og boka skildrar forholdet mellom dei to. Familieforholda deira er mildt sagt ulike, og Eleanor blir mobba av dei andre på skulebussen og jentene i klassen. Ho slit med dårleg sjølvtillit, er bekymra for familien sin men har likevel ein integritet som dei fleste kan misunne henne.

Boka er utruleg godt skriven, og språket er såpass enkelt at den kan lesast på originalspråket av elevar på vidaregåande skule - den same aldersgruppa som Eleanor og Park tilhøyrer. Synsvinkelen vekslar mellom dei to, og det er vanskeleg ikkje å bli gripen av denne boka. Eg har faktisk lese den sakte med vilje fordi eg ikkje ville at den skulle ta slutt.

Eg ser på internett at den er omsett til norsk med same tittel, og at den blir anbefalt for aldersgruppa 12 - 16 år. Dette tyder ikkje at boka er barnsleg, og eg vil seie den høver godt for vaksne òg.