![]() |
| Albert |
![]() |
| Dennis og eg |
Endeleg fekk vi møte peøsdottane våre, som skal få namna Albert og Dennis. Min heiter Dennis, og det var kjærleik frå første stund. Vi skal overta dei 17. eller 18. juli, og nokre av oss får problem med å vente så lenge...
![]() |
| Albert |
![]() |
| Dennis og eg |
Laurdagen kom med varme og sol, og etter ei veke med mykje jobb og måling/beising var det freistande å stikke av garde på tur. Vi enda opp med å køyre nesten til Larsnes, ein stad der vi har gått tur før, men då på den andre sida av hovudvegen, til Veten.
Det var ein nydeleg ettermiddag med fantastisk utsikt rett vest, om enn med noko skoddedis. Vi var der til pm lag klokka 19, og enno stod sola høgt på himmelen. Nokon solnedgang vart det ikkje snakk om, men heller ein burger før avreise.
Genser nummer tre til barn nummer tre vart ferdig akkurat i tide til bursdagen hennar! Fargane har ho valt sjølv.
Fargane sette eg saman sjølv, mykje ved bruk av restar. Eg kjøpte berre botnfargen (marineblå) og halsfargen, som også er brukt mellom dei andre fargane (lys askegrå). Inspirasjonen var nordlys, men eg er ikkje heilt sikker på at det vart så vellukka. Genseren vart i alle fall heilt ulik dei to andre afmæli-genserane mine, og eg har allereie tankar om fleire. Mønsteret har i alt ni fargar, men det var ikkje noko stress å feste trådane på denne dagen etter at eg festa trådar på ein bjørnegenser. Minn meg på at eg snart strikkar noko einsfarga!
Veke 17 gjekk inn i historia som ei svært travel veke på jobb, med fem vikartimar og ein rettebunke på kveldstid. Fredag kom eg heim relativt tidleg, etter ein jobbdag med 21 elevsamtalar og ein film, og då vart eg sittande i ein stol på verandaen i fem timar - først sovande, deretter strikkande.
Laurdag var det siste finevêrsdagen, så då bestemte vi oss for å fare på roadtrip. Turmålet var Florø, der eg aldri har vore i dagslys før (eg måtte overnatte der ein gong på 80-talet, men då var det vinter og mørkt). Vi reiste over nordfjorden ved Stårheim-Isane og køyrde via Svelgen, men på heimveg reiste vi den mykje finare vegen om Førde. Det er lengre, men mykje meir behageleg. Det var dessutan eit poeng å køyre ein runde, ikkje fram og attende.
I Florø vandra vi litt i gatene, før vi fann noko som heiter Lilleåsen. Der ligg ein gamal vasstank som opphavleg var brukt for å få nok trykk på vatnet i sildeoljefabrikkane, men som no var tømd. På området restaurerer dei tanken og lagar ein kulturarena på toppen av åsen. Det var eit flott prosjekt!
Elles inntok vi årets første softis i hovudgata i Florø, men middagen enda vi opp med å ta på kinarestauranten på Eid, før vi tok helgehandelen.
Eigentleg burde ein ha jobba i hagen eller gjort noko anna nyttig ein slik fridag, men det var ufatteleg godt å kome seg ut og sjå noko nytt og noko anna enn det kvardagen byr på.
Handlinga overgår den verste påskekrim, med terroråtak, bortføringar, sveltestreik og tysting som nokre av ingrediensane. Ei stadig tilbakevendande historie er den om tibarnsmora som vart bortført, og kva som skjedde med henne. Ein får også høyre om den hardbarka terroristen Dolours Price, som overlevde sveltestreik i fengsel fordi ho vart tvangsmata i over 160 dagar. Etter all mediepublisiteten rundt dette vart tvangsmating forbode, noko som førte til at Bobby Sands og ti andre seinare svalt seg til døde. Den karismatiske Gerry Adams blir kritisert for å ha fornekta fortida si, og ein leiande IRA-mann vart avslørt som tystar ("tout") for lojalistane.
Eg underviser om Irland og Nord-Irland kvart einaste år, og det er tema som engasjerer meg, sjølv om det er vanskeleg for elevane å skjøne det heile. I år er det 25 år sidan fredsavtalen vart signert, og ein får berre håpe at freden vil vare, trass i at Brexit har sett nytt søkelys på denne delen av UK.
Eldstejentas kvitebjørngenser vart ferdig strikka og vaska i løpet av påska, og den vart akkurat ferdig tørka til ho skulle reise attende til Oslo om kvelden påskeaftan.
Genseren er den første i mitt nye bjørneprosjekt. Ungane mine heiter Bjørneset til etternamn, og då passar det godt å ha bjørnegenser. Eldstejenta har fått ta ut fargane sjølv, og det skal vel hine gjere også - i alle fall litt. Eg har nokre restar eg kan supplere med også.
![]() |
| Veslejenta palmelaurdag |
![]() |
| Dei to eldste måndag i påskeveka |
![]() |
| Utsikt frå rommet i 9. etasje |
![]() |
| Utsikt frå rommet neste morgon |
Dei som er facebookvener med meg eller kollegavenninna, kan sjå bilete av henne med genseren på der. Eg er usikker på om ho ville like at eg la biletet ut her, så det berre droppar eg å gjere.
To av avleggarane studerer i Trondheim, og det i tillegg er ein triveleg by, vart bartebyen eit naturleg reisemål for vinterferien. Vi reiste oppover med bil og overnatta på Scandic Solsiden, ein svært praktisk stad å vere når ein har bil sidan det var parkering i kjellaren.
Tysdag kveld kom vi fram, og då vart det middagsdate med Veslejenta på ein restaurant like i nærleiken. Solsiden er ein fin bydel med mange restaurantar, eit lite kjøpesenter rett ved hotellet og til og med eit område med is for skøytegåing.
Onsdag møtte vi både Veslejenta og Storegut ved Rockheim, der vi tilbragte ein del tid. Vi enda opp med å køyre til Tyholttårnet og ete middag der. Det var noko uklart vêr om morgonen, men utsikta frå tårnet var fin. Egon-restauranten i tårnet har god mat og ok meny.
![]() |
| Ny genser til Storegut |
Torsdag oppsøkte vi eit museum som var nytt for oss alle, og som var overraskande interessant: Sverresborg. Der var ei innandørs avdeling med utstilte ting frå kvardagslivet til folk, og i tillegg ei utandørs avdeling med ulike hus der ein kunne gå inn og sjå butikkar, apotek og tannlegekontor, til dømes. Ikkje alle husa var opne, men det var rikeleg å sjå både inne og ute. Middagen denne dagen tok vi som buffet på "Sabrura" på Bakklandet, der vi fekk sett ein av stamstadane til Storegut før restauranten opna.
| Snødekte ruinar av Sverres borg |
Laurdag køyrde vi ned att, denne gongen over Hjerkinn og Romsdalen, for å variere litt. Vel heime venta Minstemann og Svigerdotter, som hadde vore hundevakter. Eg møtte dei faktisk på ferja, då dei hadde vore på Haddal, der Charlie hadde møtt tre hundar i storleiken Bichon Havanaise, Collie og St Bernhard, så han fekk no litt avveksling i ferien han òg.