mandag 7. januar 2008

Ja, så gav eg etter for bloggpresset, då...


Ariel var namnet på vår første bearded collie, som døydde av hjartefeil for tre år sidan. Ho var oppkalla etter hovudhavfrua i Walt Disney-filmen "Den lille havfruen", som truleg hadde fått namnet mellom anna frå ein av karakterane i "The Tempest" av Shakespeare. Faktisk vert dette samansuriet ein presentasjon av nokre av dei viktigaste elementa i livet mitt; hundar, god litteratur og eit barn(s)leg element som eg aldri veks av meg.
Denne bloggen blir til etter sterkt press frå andre i familien som er ivrige bloggarar. Eg er redd eg kjem til å skuffe alle handarbeidsentusiastar og gourmetkokkar som kjem innom, men det blir vel desto meir hundestoff, turrapportar, bokmeldingar og kvardagsliv på Bjørneset.

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med blogg. Trur du kjem til å like konseptet.Det er i grunnen nokså upretensiøst. Ein skriv når ein har lyst.Det er ingen tvang.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med blogg! Eg tek ei runde omtrent kvar dag og sjekkar nytt.

    SvarSlett
  3. Ja, no lurer du vel på kvenn jeff er, dette forstår eg ikkje. Mi adresse har plutseleg vorte skifta ut med Einar si. Jeff er altså søstra di, ingen hemmeleg beundrar eller stalker.

    SvarSlett
  4. Velkomen som bloggar!! Dette utviklar seg til å bli ein fin møtestad for folk som ikkje ser kvarandre så ofte. Gledar meg til innlegga dine, både om det eine og det andre. Litt felles interesser har vi jo, dyr, jobb....

    SvarSlett
  5. Ja, handarbeid lyt du nok vente på, for å seie det slik... Eg har vore inne på bloggen din og beundra alle kunstverka dine.

    SvarSlett
  6. biancadog-ingeborg.blogspot.com :D

    SvarSlett