torsdag 31. januar 2008

"Mengele zoo" - folkets favoritt, men ikkje min


Tredje bok ned frå "skal lese"-haugen på nattbordet i 2008 var "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug. Boka har ikkje akkurat vore hyggeleg sengelektyre, men eg syntest eg burde ha lese den sidan den vart kåra til "folkets favoritt" av ein eller annan jury i 2007. Faktisk kjøpte eg den til meg sjølv i julegåve. Romanen er ei dyster forteljing om regnskog, utryddingstrua artar og terrorisme, og den blir nok aldri min favoritt, sjølv om temaet dessverre er meir aktuelt no enn då romanen kom ut i 1989.

4 kommentarer:

  1. Eg skal på biblioteket og hente Ligge i grønne enger. Ei bok som eg les meir av "plikt" enn av lyst. Den første, Berlinerpoplene, var bra. Ho kunne ha stoppa der!
    Skal no sjå om eg finn noko nytt også.Og så skal eg sette meg på venteliste for den 2.boka til Stieg Larsson.Det er også svært oppskrytte bøker, og bra krim. Viss eg skal anbefale bøker, må det bli Arto Paasilinna: Harens år og Kollektivt selvmord!!

    SvarSlett
  2. Eg er ikkje heilt oppdatert i høve "har kjøpt - bør lese"-bunken min, men no er eg godt i gang med "Drageløperen".

    SvarSlett
  3. Når besta får tak i Stieg Larson-boka, kjem eg på besøk, med datamaskin! Den første likte eg veldig godt! Mengele Zoo er relativt ukjend for meg må eg innrømme....

    SvarSlett
  4. Eg er nummer to på ventelista til Stieg Larssonbok nr.2, så det blir kanskje ikkje så lenge før eg får besøk. Då kan du lære meg å legge bøker inn på i-pod, for det kan vere eg skaffar meg ein. I dag fann eg att CD-plata og fekk installert printeren, men forstår ikkje å bruke den, så eg er like langt.Alt er annleis enn før.....

    SvarSlett