lørdag 12. juli 2008

Tolv dagar borte frå heimen...

Og så? Kva har vi sakna mest? Med sengetøy i skittentøyskorga frå før vi reiste, nye "skitne" sengeklede og to sekkar med brukte klede frå ferien seier det seg sjølv at vaskemaskina var eit kjært gjensyn for min del. Og så fekk eg klipt to plenar medan Gubben raka (eg måtte klippe kvar av dei to gonger). Dei tre yngste var lukkelege over å møte att naboungane, eldstejenta ville straks ut og ri, og elles sette vi pris på å tappe vatn frå springen, ha innlagt toalett og dusj og ha god plass rundt oss. Minstemann sa med skjelvande stemme at han hadde sakna hestane. "Og so Bianca og Bau" (dei hadde vi hatt med oss på camping). Midt inne i stova oppdaga han forresten ei dør han ikkje hadde sett før, og han påstod at han ikkje hugsa kvar "do" var. No har vi lagt ned forbod mot pølser og loff, så her går det i grovbrød, blomkålsuppe og graut. Det er godt å kome heim frå campinglivet, men så skal vi snart på vegen igjen. Berre eg no får vaska ferdig kleda og campingvogna igjen...

3 kommentarer:

  1. Maskina mi gjekk frå 8 om morgonen til 12 om natta, sjølv om vi var 4 personar vekke i 8 dagar. Dei to andre fylte no på.
    Vi hadde fantastisk klestørk på snora, og måtte berre investere i fleire klesklyper!
    Vatnet i Örebro luktar klor. Det er sikkert drikkande, men ikkje godt. Eg og nyt å drikke vatn!

    SvarSlett
  2. Vi måtte nesten le i dag tidleg, då vi med godt samvit tok kvar sin kniv til frokosten - i ferien bruker vi plast, og då held det med ein "smørkniv" og ein eigen kniv til minstemanns banankaviar..

    SvarSlett
  3. Borte bra, men heime best? Slik bør det vere-og slik er det.Ei veke eller to vekke følest så mykje lenger enn ei veke heime, fordi det skjer så mykje.
    Eg hugsar enno dei store klesvaskane som eg vaska med hand på campingtur i gamle dagar-etter to dagar heimafrå. Vanane dreg ein med seg!

    SvarSlett